Eigen app for Windows Phone

Nokre brukarar har etterlyst ein eigen app for Windows Phone. NRK har førebels ingen planar om å lage ein eigen app for denne telefonen. Her er ei kort forklaring av kvifor.

NRK har nesten 60 000 TV-program tilgjengeleg i opptak. Det kostar ikkje noko å sjå desse opptaka, dei er fritt tilgjengelege gjennom dei ulike on-demand-plattformane våre.

Primærplattformen for video er tv.nrk.no. Nettsidene fungerer på alle plattformar som er i vanleg bruk av nordmenn.

For enkelte andre svært store plattformar lagar vi i tillegg eigne appar. Dette er sekundærtilbod; primærtilbodet er fortsatt tv.nrk.no. Vi tek som utgangspunkt at det skal vere minst aktive 100 000 brukarar av ein plattform før vi vurderer om vi bør lage ei eiga teneste for dei. 

Det er framleis så få Windows-telefonar at vi ikkje kan forsvare å utvikle dedikerte appar for dei. Sjølv om vi ikkje lagar eigne appar for Windows Phone fungerer tv.nrk.no funkar veldig bra på alle Microsoft-plattformar. Størsteparten av brukarane våre er på ein Microsoft-plattform, og Microsoft-brukarane er like viktige for oss som brukarar av andre operativsystem.

Litt statistikk: Her er fordelinga per operativsystem for nettsidene til NRK TV (utan Super), Yr og NRK.no (ikkje appane). Vi forventar at mobil-OS der vi ikkje har eigne appar (f.eks. Windows Phone) er overrepresentert i denne statistikken: På iOS og Android har vi eigne appar som fangar opp mange brukarar.
Operativsystemstatistikk

Feedback and Knowledge Base